Sogndal-rådmann orsakar i betent idrettsstrid

– Me skulle gjerne ha gitt den informasjonen til Kaupanger idrettslag tidlegare, seier rådmann Jostein Aanestad i Sogndal kommune.

Utan at Kaupanger IL visste noko, blei dei i haust dregne inn i ein betent strid mellom friidretten og fotballen i Sogndal, som har vekt nasjonal harme.

I mange år har Sogndal kommune prøvd å byta ut naturgraset på Kvåle stadion med kunstgras for å leggja til rette for meir fotball, ein idrett med stor vekst i aktiviteten. Men dette går ut over friidretten, fordi kastarane ikkje lenger får konkurrera.

Likevel fekk kommunen 22. september grønt lys til kunstgras frå Kulturdepartementet – men berre viss dei fann eit erstatningsareal for kastøvingane.

Dette vedtaket har Norges Friidrettsforbund klaga på, fordi det blir foreslått ei ny kastbane for spyd, diskos og sleggje på Kaupanger, 11 kilometer unna Kvåle stadion.

Kalle Glomsaker, Norges friidrettsforbund

PRINSIPIELT VIKTIG: Kalle Glomsaker, styremedlem i Norges Friidrettsforbund, er kritisk til prosessen i saka, der verken idrettslaga i Sogndal og Kaupanger eller Sogndal idrettsråd har fått seia kva dei meiner om Kaupanger som mellombels erstatningsarena.

Foto: Privat

– Ubrukeleg område

– Dette er eit myrete og ubrukeleg område med store høgdeskilnader, og som ligg midt i idrettspark med mange andre aktivitetar, sa Glomsaker for to veker sidan.

Forslaget om å flytta kastøvingane mellombels frå Kvåle til Kaupanger kom fram på denne måten:

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune lanserte forslaget i eit høyringsbrev til Kulturdepartementet i september.
  • Forslaget var på førehand velsigna av rådmann Jostein Aanestad i Sogndal, som – ifølgje brevet frå fylkeskommunen – meinte at anlegget på Kaupanger kunne vera ei god løysing «som kommunen vil kunne støtte økonomisk».

Men verken Sogn og Fjordane fylkeskommune eller Sogndal kommune hadde involvert Kaupanger idrettslag i arbeidet med forslaget før det blei presentert. Heller ikkje Sogndal idrettslag eller Sogndal idrettsråd, kommunen sitt høyringsorgan i idrettssaker, var blitt rådspurde om det konkrete forslaget.

Orsakar

Ingen av idrettslagsleiarane har ønskt å stilla til intervju, men leiar Bjarne Ramstad i Kaupanger idrettslag sendte for tre veker sidan eit skarpt brev til Sogndal kommune, der han mellom anna skreiv:

Kvåle stadion, Sogndal

KVÅLE STADION: Dette naturgraset har vore spira til ein årelang strid i idretts-Sogndal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

  • «Kaupanger Idrettslag reagerer negativt på at det ser ut som om det over fleire veker er gjennomført ein prosess om flytting av deler av Sogndal idrettslag sin friidrettsaktivitet til Kaupanger Idrettspark utan at Kaupanger idrettslag er blitt involvert.»

– Det er slett ikkje urimeleg at idrettslaget skal få orientering når det kjem forslag som vedkjem dei, seier Aanestad.

Aanestad trur ikkje det vil vera behov for ei mellombels kastbane på Kaupanger fordi det ikkje har vore ein kastkonkurranse i Sogndal på minst 15-20 år, ifølgje han. Likevel orsakar rådmannen:

– Me skulle ha informert idrettslaget når me blei gjort kjent med forslaget.

– Kaupanger – ikkje eit vilkår

Kaupanger idrettspark

VÅT MYR: Denne marka ved Kaupanger idrettspark er føreslått som erstatningsbane for kast. Ifølgje Norges friidrettsforbund er dette biletet teke éi veke etter at det sist regna.

Foto: Norges Friidrettsforbund

Kulturdepartementet vil ikkje kommentera saka medan dei handsamar klagen frå Norges friidrettsforbund. Men i argumentasjonen sin for å seia ja til å kunstgras på Kvåle stadion, brukar departementet nettopp Kaupanger idrettspark som mogleg erstatningsbane.

Rådmann Aanestad vil likevel ikkje køyra ein ny høyringsrunde i saka, der idrettslaga og idrettsrådet får seia sitt om Kaupanger-forslaget:

– Eg oppfattar ikkje at departementet sin bruk av arealet på Kaupanger er eit vilkår for å leggja om til kunstgras på Kvåle stadion. Slik sett har dei to tinga inga direkte kopling.