Solide resultat for Hydro i Årdal og Høyanger

Stabilt høg kronekurs og noko høgare aluminiumsprisar har sørga for 18 millionar kroner i pluss for metallverket i Høyanger. Til no i år har verket eit overskot på 60 millionar kronar.

– Vi er nøgde med resultatet. 18 millionar kroner er 2,6 millionar kroner svakare enn i andre kvartal, men betydeleg betre enn vår plan for året, seier fabrikksjef Stian Moe Tangen.

At resultatet er noko svakare enn i andre kvartal seier Tangen skuldast at det har vore er lågare tempo valseblokkmarknaden som Hydro Høyanger leverer til.

Meir avanserte produkt

Stian Moe Tangen, fabrikksjef for Hydro i Høyanger

GODT NØGD: Stian Moe Tangen er fabrikksjef for Hydro i Høyanger

Foto: Pressebilete

Dei seinare åra har Hydro i utvikla ny teknologi for kunne produsere meir avanserte produkt i støyperiet. I Høyanger har dei satsa medvite mot å levere meir aluminium til kundar i bilmarknaden i Europa.

– Dersom vi går litt attende i tid så leverte metallverket i Høyanger valseblokker til standardprodukt som til dømes aluminiumsfolie, no leverer vi meir kompliserte legeringar som kan nyttast i bilindustrien, seier Tangen.

Tilbake etter straumproblem

Også storebror lenger inne i Sognefjorden gjer det bra. Sålangt i år har metallverket i Årdal 233 millionar i overksot, og i tredjekvartal kan dei notere seg for eit overskot på 95 millionar kroner. Det trass i at fabrikken i sommar måtte stenge fleire omnar etter eit straumbrot.

Wenche Eldegard

GJER DET BRA: Fabrikksjef i Årdal, Wenche Eldegard.

Foto: Johan Moen / NRK

– I løpet av tredje kvartal har vi fått foret om og starta opp igjen dei omnane som måtte stengast då vi vart råka straumutfall i juni. No er vi attende i normalt produksjonstempo, og har fin utvikling i drifta, seier fabrikksjef Wenche Eldegard.

Stabilt for karbon

På Årdalstangen produserer Hydro om lag 190 000 tonn anodar av karbon materiale i året. Dette vert blant anna nytta i aluminiumsproduksjonen i Øvre Årdal, og deler av produksjonen vert også selt til andre metallverka til Hydro.

– Karbon har hatt svært god drift i lengre tid, med stabil produksjon og høg kvalitet. Arbeidet dei tilsett legg ned på karbon er svært viktig både for Hydro Årdal og for dei andre verka sidan anodane er avgjerande for stabil elektrolyseproduksjon, seier Eldegard.