Stein trefte bilar – tunnelar stengt

Saka blir oppdatert.

I 08.00-tida torsdag morgon kom det melding om at Ellingsøy- og Valderøytunnelen blei stengt etter at det raste stein frå taket i Ellingsøytunnelen.

Trafikken blir stoppa til tunnelen er undersøkt, opplyser Statens vegvesen. Stenginga fører til stor kø på begge sider av tunnelane.

– Ingen personar skal ha blitt skadd i ulukka, men bilane skal ha fått skader på panser og frontrute. Vi ventar no på Mesta for å kunne gjennomføre undersøkingar i tunnelen, seier Borge Amdam, operasjonsleiar i politiet.

Det er så langt uklart kor lenge Ellingsøytunnelen blir stengt, men ifølgje Amdam kan det at tid før tunnelen er klarert.

Vil opne Valderøytunnelen etter kvart

Ellingsøytunnelen stengt

Det er lang kø på begge sider av Ålesundtunnelane.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Politiet opplyser at dei vil prøve å opne Valderøytunnelen etter kvart, og at det blir omkøyring via Ellingsøy for trafikken på rv. 658 mellom Ålesund og Vigra.

– Vi jobbar med å få på plass dirigering slik at vi kan opne Valderøytunnelen så snart som råd, seier Amdam.