Sterk vind skapar trøbbel

– Me sender ut entreprenørar for å rydde vegane med ein gong me får inn meldingar om velta tre, opplyser Vegtrafikksentralen i Porsgrunn.

Fleire stader i fylket har vegane til tider vore sperra fordi fleire tre har velta over vegbana. Det er også meldt om eit stillas som velta på Rjukan.

– Me ber bilistar til å vere varsame langs vegen. Den sterke vinden kan forårsake trevelt, melder politiet.

Til no er det meldt om trevelt desse stadene i Telemark:

  • E134 mellom Jerpetjønn og Elgsjø på Notodden er delvis sperra, etter at eit tre har velta over vegen, melder politiet.
  • Eit tre sperrar delvis vegbana på E134 ved Notodden. Treet ligg ved avkøyrsla til Goasholt avfall og Leirstein motorsportanlegg. Politiet seier folk må vere varsame.
  • Eit tre har velta på E134 ved Ørvella i Bamble. Treet sperrar delvis vegen. Politiet melder om at treet kjem fort på bilistane.
  • Eit tre har velta ved Holtsåsen stasjon på fylkesveg 360 i Sauherad. Treet sperrar begge køyrefelt på staden. Vegtrafikksentralen er varsla, melder politiet.
  • Eit tre har velta over Hovinvegen på Notodden. Treet ligg ein stad mellom Ormemyrkrysset og Sandvatn. Vegen er sperra, melder politiet. Vegtrafikksentralen har blitt varsla om hendinga.