Storjakt på terror-  kjemikaliar

DSB, Direktoratet for tryggleik og beredskap opplyser at det etter 22. juli 2011 har vorte vanskelegare å føre inn kjemikaliar til Noreg, men at dei ikkje kan sjå bort frå at nokon her i landet kan klare å lage ei tilsvarande bombe.

Under angrepa i Brussel og Paris brukte terroristane sprengstoffet TATP, også kalla Satans mor . Bombene er heimelaga, og kjemikaliane som blir brukte i framstillinga skal ikkje vere vanskelege å få tak i.

Aksjon mot ulovlege kjemikaliar

DSB-direktør Cecilie Daae.

DSB-direktør Cecilie Daae varslar intensivering av arbeidet med å stanse ulovlege kjemikaliar.

Foto: Andreas Helgesen. / NRK

Direktør i SSB, Cecilie Daae, seier at norske styresmakter no intensiverer arbeidet med å stanse ulovlege kjemikaliar, og at det dei komande to vekene skal gjennomførast ein storaksjon over heile landet.

Fleire personar har i år fått besøk av politiet, også her i landet, fordi dei har bestilt kjemikaliar på Internett. Dei som jobbar med dette seier dei finn ulovlege stoff nesten dagleg.

Bomba mot regjeringskvartalet 22. juli 2011 inneheldt kjemikaliar kjøpt på nett frå Polen. Handelen gjorde at Anders Behring Breivik vart rapportert inn til Politiets tryggingsteneste (PST), men dei aksjonerte ikkje mot han.

Ingen garanti

Sjølv om systemet i Noreg er stramma kraftig inn etter terrorbomba i regjeringskvartalet i Oslo, så kan dei ikkje garantere at dei greier å stanse alt.

Tolldirektør Eivind Kloster-Jensen.

– Viktig å vere på vakt mot ulovlege kjemikaliar, seier tolldirektør Eivind Kloster-Jensen.

Foto: Andreas Helgesen / NRK

– Vi kan ikkje seie at det same ikkje kan skje igjen, men beredskapen er betydeleg høgare, seier DSB-direktøren.

Han seier til NRK at det ikkje lenger er lovleg for privatpersonar å kjøpe visse typar kjemikaliar, fordi desse kan misbrukast. Det kan vere terror, men også framstilling av ulovleg fyrverkeri og produksjon av narkotika.

Regelverket har gjort at det vanskelegare å få tak i desse stoffa frå norske forhandlarar. No skal DSB saman med Tollvesenet prøve å stanse ulovleg innførsel frå utlandet, ved å gjennomføre avanserte kontrollar.

Solgte bombekjemikalier til Breivik – nå satser nettbutikken i Norge igjen

Nytt utstyr

Det blir brukt direktevisande utstyr som kan identifisere over 10.000 ulike stoff, og dette kan vere ein tidkrevjande prosess Dersom det blir funne ulovlege stoff, blir det nasjonale kontaktpunktet for mistenkjeleg transaksjonar i Kripos sett på saka.

Apparat som kan identifisere kjemikaliar.

Avanserte elektroniske apparat blir brukte i jakta på ulovlege kjemikaliar.

Foto: Andreas Helgesen / NRK

– Nokre av desse stoffa blir bestilt av blant andre hobbykjemikarar for til dømes å lage ulovleg fyrverkeri. Men med det trusselbiletet vi har i dag er det viktig å vere på vakt også mot andre intensjonar. Etatane har gjennom arbeidet sitt avdekt kjemikaliar som truleg var meinte til å lage heimelaga bomber, seier tolldirektør Eivind Kloster-Jensen til NRK.