Streik i Rauma Energi

Arbeidstakarorganisasjonen Delta tek difor sine medlem i Rauma Energi ut i streik frå og med fredag morgon. Det er i første omgang tatt ut 15 tilsette.

– Det var ikkje mogleg å bevege arbeidsgivar. Dermed blir det streik. Vi streikar for å behalde avspaseringsordninga for beredskapsvakter, seier forhandlingsleiar Roy Tommy Jensen.

Saka blir oppdatert.

Kunne ikkje godta forslag

KS Bedrift ønskja å redusere avspaseringsordninga frå tre til to dagar per vaktveke. Ordninga som arbeidsgivar ville innføre kunne føre til at dei tilsette mista 10 kviledagar i året. Ifølgje Jensen skal streikeviljen vere stor blant dei tilsette.

– Det var ikkje mogleg for oss å godta ein slik reduksjon. Etter sju dagar på jobb er det behov for tilstrekkeleg kvile. Tilsette i private energiselskap har slike ordningar. Då må også energiselskapa i KS Bedrift kunne tilby det same, seier han.

28 av 34 tilsette i Rauma Energi er organiserte.

Totalt 230 arbeidstakarar i 16 energibedrifter går ut i streik etter at det ikkje blei oppnådd einigheit i meklinga. Dei streikande er organisert i EL & IT-forbundet, Fagforbundet, Delta og Parat.

Dersom det ikkje blir ei løysing i konflikten vil streiken trappast opp neste veke, varslar arbeidstakarane.