Streiken i Rauma Energi får konsekvensar

Arbeidstakarorganisasjonen Delta tek difor sine medlem i Rauma Energi ut i streik frå og med fredag morgon. Det er i første omgang tatt ut 15 tilsette.

– Det var ikkje mogleg å bevege arbeidsgivar. Dermed blir det streik. Vi streikar for å behalde avspaseringsordninga for beredskapsvakter, seier forhandlingsleiar Roy Tommy Jensen.

Kunne ikkje godta forslag

KS Bedrift ønskja å redusere avspaseringsordninga frå tre til to dagar per vaktveke. Ordninga som arbeidsgivar ville innføre kunne føre til at dei tilsette mista 10 kviledagar i året. Ifølgje Jensen skal streikeviljen vere stor blant dei tilsette.

– Det var ikkje mogleg for oss å godta ein slik reduksjon. Etter sju dagar på jobb er det behov for tilstrekkeleg kvile. Tilsette i private energiselskap har slike ordningar. Då må også energiselskapa i KS Bedrift kunne tilby det same, seier han.

28 av 34 tilsette i Rauma Energi er organiserte.

Totalt 230 arbeidstakarar i 16 energibedrifter går ut i streik etter at det ikkje blei oppnådd einigheit i meklinga. Dei streikande er organisert i EL & IT-forbundet, Fagforbundet, Delta og Parat.

Får konsekvensar

Alf Vee Midttun, administrerande direktør i Rauma Energi, fortel at streiken ikkje blei så omfattande som dei hadde trudd, men at det vil få konsekvensar for kundane til bedrifta.

– Det vil bli vanskelegare å nå oss, bestille straum og ikkje minst få reparasjonar av feil, seier han.

Middtun vektlegg likevel at sikkerheita blir varetatt.

– Før streiken gjorde vi ein avtale med fagforeininga slik at vi vil behalde heimevakt- og beredskapsordninga. Foreininga er dermed forplikta til å rykke ut dersom det er fare for liv eller helse. Småreparasjonar og mindre feil vil derimot stå på vent til streiken er over.

Rauma Energi har også søkt dispensasjon for nokre nøkkeltilsette og gjort ulike beredskapsavtalar for å sikre drifta.

Dersom det ikkje blir ei løysing i konflikten vil streiken trappast opp neste veke, varslar arbeidstakarane. Middtun håper at streiken ikkje blir langvarig.

– Eg håper på ei rask løysing og eg har tru på at KS får løyst dette saman med fagforeiningane.