Syklar frå Askvoll til Tyrkia

– Eg er veldig glad i å reise, og det å sykle er jo ein veldig fin måte å sjå eit land på. På denne turen får eg slik sett mange land og opplevd veldig mykje, seier Losnegård.

Holmedølen er historikar og har skrive fleire bøker, men reisa han er på no er berre på gøy. Frå Holmedal til Istanbul er det nesten 4000 kilometer, og Losnegård har både sett og opplevd mykje sidan han la ut på sykkelturen i august.

– Eg har sykla over høge fjell i Tsjekkia, eg har runda Balatonsjøen i Ungarn og eg har sykla langs Donau. Når ein syklar kjem ein veldig tett på dei plassane der ein reiser.

Gaute Losnegård på sykkelen i Askvoll

BYRJINGA: Her er Holmedølen heime i Askvoll der reise tok til

Foto: privat

Så godt som problemfritt

Ein skulle kanskje tru at ein sykkeltur på fleire tusen kilometer byr på mange små og store utfordringar, men Losnegård påstår at det har gått ganske knirkefritt so langt.

– For nokre dagar sidan sleit eg girwiren, men det var det ein hyggjeleg hotellvert som klarte å fikse. No har eg litt færre gir, men det går no på eit vis. Ser ein bort frå det har det gått bra heile tida.

Sykkelen og ein trailer

ALT HAN TRENG PÅ SYKKELEN: Losnegård har det meste han treng på sykkelen sin, men ikkje telt. Han bur nemleg stort sett på hotell

Foto: privat

Å krysse ein verdsdel er ei påkjenning, ikkje berre for ein sykkel, men også for ein menneskekropp. Også her har det gått ganske bra.

– I beina merka eg det mest i byrjinga, men det har eigentleg gått seg til. Så hender det at det gjer litt ilt der som sola ikkje skin, men det let seg stort sett ordne med litt plaster og slike ting.

Losnegård forran ei elv

NØGD: Etter over ein månad på reisefot er Losnegård framleis godt nøgd med turen

Foto: privat

Den magiske grensa

I dag er Losnegård i Bulgaria, og han har berre nokre kilometer att før han når grensa til Tyrkia. Å krysse grensa til Asia i Tyrkia vert sjølve høgdepunktet for reisa til sunnfjordingen.

– Det er alltid spanande å krysse ei grense og sjå korleis det er på hi sida. No står eg jo på grensa til ein heilt ny verdsdel, og det tykkjer eg eigentleg er der er noko magisk ved.