Tabelljumbo i fjor – seriefavoritt i år

Det meiner i alle fall landslags- og Tønsberg-trenar Odd Ekerhovd.

– Dette er tre gode spelarar som etter mitt syn vil dekke litt av det Førde mangla i fjor. Utfordringa er å trene godt nok og vere godt nok organiserte, seier Ekerhovd.

Landslagsspelarar

Odd Ekerhovd holder pausetegnet oppe.

GOD FRAMTID: Odd Ekerhovd trur årets eliteserie for damer er noko lågare enn tidlegare. – Laga er veldig unge, men gi dei to-tre år så meiner eg eliteserien har moglegheit til å vere betre enn på veldig, veldig lenge, seier damelandslagstrenaren.

Foto: Tønsberg volley

Fjorårets sesong vart langt frå noko jubelsesong for damelaget til Førde volleyballklubb. Med ti poeng enda bronsevinnaren frå 2014 sist, poenget bak Koll og Tønsberg.

I år har klubben fått landslagsoppleggarane Rebekka Bahr (23) og Live Aasbø (18) frå nettopp Koll og Tønsberg. I tillegg til poengsankaren Hilde Elvebakk (28).

– Spesielt Elvebakk komplimenterer troppen. Ho er eit samlande punkt, ei med erfaring som sankar jamt med poeng, står i mot press og vinn viktige ballar. Med ho på laget vil også andre stå betre fram, seier Ekerhovd.

Svakare liga – sterkare lag

I tillegg er fjorårets unge Førde-lag blitt eitt år eldre, og landslagstrenaren ventar at talent som Elisabeth og Martine Viken, Karoline Fauske og Julie Tvinde vil markere seg.

– Spesielt Elisabeth og Karoline trur eg vi vil sjå endå betre ting frå i år, seier Ekerhovd.

– Så må ein også ha med seg at dei andre laga, så vidt eg veit, enten har same mannskap eller er noko svekka. Ein svakare liga og sterkare stall er til Førde sin fordel, legg han til.

– Eit kompliment

– Det tek vi som eit kompliment, smiler naustdalsjenta Elvebakk om gulltipset frå landslagstrenaren. Laget har sjølv ambisjonar om å nå cupfinalen, og å komme seg til sluttspelet. Sist Førde-damene var i cupfinalen, enda det i tap for Oslo Volley.

Live Aasbø

NY: Live Aasbø har funne seg godt til rette både i Førde og på laget. – Volleyballen står sterkt i Førde og etter ti år i Tønsberg så er det veldig greitt med ny motivasjon. Det får eg veldig med nye medspelarar, nye trenarar og eit nytt opplegg, seier 18-åringen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Nykomlingen Aasbø vil legge lista litt høgare for sin debutsesong med Førde.

– Målet er å ta gull i cupen og medalje i serien. Kjem ein først til sluttspelet kan alt skje, så det er ikkje umogleg med seriegull også, smiler 18-åringen lurt.

Har potensial

Medan Elvebakk har flytta heim etter fleire år utanfor fylkesgrensene, er søskenborna Bahr og Aasbø ute etter å utvikle seg som spelarar hos fjorårets dårlegaste eliteserielag. Begge jobbar som lærarar ved Halbrend skule.

– Førde ser ut til å ha noko bra på gang. Dei har eit godt miljø og gode folk som vil legge ned innsatsen som må til for å klare seg, seier Bahr.

– Eg veit kva Førde har potensial til, og eg har lyst til å vere med å dra laget opp dit vi faktisk kan vere, legg Aasbø til.