Taper millionar

– Dette er synd for ein liten kommune, seier ordførar Terje Hoffstad i Stor-Elvdal.

Kommunen i Hedmark er stor på areal, men folketalet går jamt nedover. Asylmottaket har gjeve både pengar i kommunekassa, arbeidsplassar og ikkje minst nye folk til bygda.

Mottaket på Koppang er eitt av 21 asyl- og 2 transittmottak over heile landet som utlendingsdirektoratet no legg ned.

Til saman har desse mottaka hatt kapasitet til å gje 3 800 asylsøkjarar og flyktningar tak over hovudet medan dei ventar på avgjerd frå norske styresmakter.

For ein månad sidan, la UDI ned 7 000 plassar.

Les: Disse mottakene forsvant i august

Årsaka til nedleggingane er at det kjem få asylsøkjarar til landet, og mange mottak på det næraste står tomme.

Kritisk til UDI

Terje Hoffstad

Ordførar Terje Hoffstad meiner det er vanskeleg å skape engasjement i bygda når asylmottaka byggast så fort opp og ned.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Ordførar Terje Hoffstad i Stor-Elvdal er oppgjeven.

– Ein ting er kroner og øre, men det gjer at fleire tilsette må slutte, seier han.

Arbeidsplassar og innbyggjarar er hovudutfordringar i ei bygdekommune, no mistar dei både kunnskap og helsetilbod dei har bygd opp for å møte etterspørselen frå UDI.

5,5 årsverk blir borte direkte knytt til mottaket. I tillegg mister dei innbyggjarar som har fått opphald, men som bur på mottaket medan dei ventar på busetjing.

Hoffstad har tru på at dei skal klare å ta inn stillingane ved naturleg avgang, eller omplassering slik at dei i det lengste kan unngå oppseiingar.

Tung stemning

Det bur i dag 320 personar på mottaket til Norsk Mottaksdrift i Stor-Elvdal. Dette er familiar, einslege mødrer og einslege menn. Dei kjem frå Syria, Irak og Afghanistan. Dagleg leiar Hege Ulvmoen fortel om tunge dagar etter at nedlegginga vart kjent.

LES: Brevet til bygda

– Vi er som ein stor familie, seier ho. Dei er 17 tilsette på dei to einingane som no er råka. 17 som no står utan arbeid frå nyttår i kommunar der det nesten ikkje finst arbeidsplassar.

Sjølv seier ho at ho nesten kjenner seg tvungen til å flytte frå bygda.

Hege Ulvmoen

Hege Ulvmoen har bygd opp dei to mottaka i Stor-Elvdal som UDI no legg ned.

Foto: Privat

Svingande næring

Ordførar Terje Hoffstad meiner UDI borde lyst ut fleire moglegheiter når dei skulle levere anbod slik at dei kunne ta ned mottaket til halv drift. Slik kunne dei sikra seg kompetanse for å ta svingingane. No når heile mottaket leggast ned, blir alt borte og dei må starte på nytt kvar gong.

Men ordføraren er klar over at dei lever med ei næring som svingar fort.

Han seier dei gjer det dei blir bedne om når det blir etablert mottak, men at det er vanskeleg å få ei positivt engasjement når det byggast fort opp og ned.

– Engasjementet i bygda er det som skal til for at det skal vere godt å vere på mottaket, for å få god integrering og bli teken vare på i bygdesamfunnet, seier han.