Taper pengar på nytt kraftverk

Innfløkte reglar fører til inntektssmell for Masfjorden kommune.

Kommunar som er heimstad for eit kraftverk, tener pengar på kraftverket på to måtar: Eigedomsskatt og redusert pris på straum.

Fordi det nye kraftverket i Masfjorden byggjar på ein gammal konsesjon frå før 1954, er prisen heimkommunen betaler for straumen, rekna etter kostprisprinsippet.

– Akkurat no er kostprisen høgare enn spotprisen for straum, seier ordførar Karstein Totland til NRK.

Det tyder at Masfjorden tapar pengar på å kjøpe straumen frå det oppgraderte anlegget.

– Vi var ikkje klar over dette. Men uansett er vi glade for at det står her. Det skal produsera kraft i 60 år, og prisane kan endra seg, seier Totland.

matre1

NØGD, MEN: Masfjorden-ordførar Karstein Totland (midten) skulle gjerne hatt andre reglar for kraftinntekter. Her med mellom anna Radøy-ordførar Jon Askeland (til v.) under opninga i dag.

Foto: JON BOLSTAD / NRK

Størst i Noreg

Det oppgraderte kraftverket i Matre er det største som vert opna i Noreg i år.

Olje- og energiminister Tord Lien (Frp) stod for den høgtidelege opninga av nye Matre Haugsdal Kraftverk tysdag.

– Det er jo mange politikarar, med meg, som likar å snakka om grønt skifte, omstilling og kva vi skal leva av i framtida. Men det mest artige med å vera til stades her i dag, er å vera saman med dei som faktisk gjer jobben for å gjera Noreg sitt vasskraftsystem meir robust og effektivt, sa Lien i si tale.

Sidan 2013 har BKK jobba med å oppgradere kraftverket i Nordhordland. No er det klart til bruk, og kraftverket er det største som vert opna i Noreg i år.

Anlegget vil produsera 612 GWh energi i året, nok til å forsyna 31.000 husstandar med straum.

Matre kraftverk

NYTT KRAFTVERK: I det nye kraftverket kan vatnet køyrast ut raskare etter behov, noko som gir meir energi og større effekt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Erstattar gammalt kraftverk

Det har tatt litt over tre år å ferdigstilla prosjektet. Inne i fjellet er det bygd ein heilt ny kraftstasjon, med ny tunnel opp mot Godbotsvatnet som blir inntaksmagasin for kraftverket.

Dei gamle kraftverka i Matre vart sett i produksjon i 1959 og 1962. No er eit heilt nytt i bruk, til ein kostnad på kring 800 millionar kroner.

Kraftverket utnyttar dei same vassmengdene, men på ein meir effektiv måte.

Opninga gjekk føre seg inne i fjellet. Olje- og energiministeren framheva at utbygginga har gått på planlagd tid og utan kostnadssprekk eller alvorlege hendingar, og takka BKK, leverandørane og ordføraren i Masfjorden.

Sjå kraftselskapet BKK sin video av byggjeprosessen:

Laster kart, vennligst vent…

For å se dette innholdet, må du aktivere JavaScript i nettleseren din.

VED E39: Matre kraftverk ligg langs E39 i Nordhordland. Den delen av kraftverket som no er oppgradert, nytta Godbotnsvatnet som inntaksmagasin.