Tatt frå kyrkja og gitt til folket

Laurdag 24. september blei byparken i Stavanger sitt 150-års jubileum markert. Parken ligg like ved domkyrkja og er omkrinsa av Breiavatnet og Kongsgata.

Folk møtte opp for å markera 150-års jubilanten i Stavanger

Folk møtte opp for å markera 150-års jubilanten i Stavanger.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Før området blei bypark var det biskopen i Stavanger sin hage, dette her. Det fortel parksjef i Stavanger, Torbjørn Esig Sørensen.

I denne tida, midt på det 19. århundre, gjekk det ei bølge over Europa, som førte til oppretting av mange folkeparkar, eller “public parks” som det heitte på engelsk.

– Då var det typisk kyrkja sine eigedommar eller private slottshagar, som blei tilgjengelege for den vanlege borgar, fortel Sørensen.

Parkjubileum markert for full musikk

Parkjubileum markert for full musikk.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK