Tiltalt: – Umogleg å ta vekk så mykje fisk uoppdaga

Mannen som er tiltalt for å ha stole eller medverka til tjuveri av store mengder fisk frå Scanprod AS fortsette si forklarte seg i retten i dag. Der hevda mannen at det ville vere umogleg å ta unna dei nesten 390 000 kiloa med fisk som skal ha forsvunne frå bedrifta, utan at det ville ha blitt oppdaga.

– Eg synest det høyrest heilt utruleg ut. Det ville vere umogleg å ta vekk så mykje fisk i løpet av denne perioden utan at det hadde blitt oppdaga. Til og med små avvik blei registrert, sa mannen.

Den tiltalte forklarte vidare at bedrifta hadde klare rutinar ved bedrifta og at det var stort fokus på avvik. I dei tilfella der det var avvik skal desse også ha blitt følgt nøye opp.

– Eg jobba der i ei årrekke og har aldri høyrd om noko fisk som har forsvunne, forklarte mannen.

Den tiltalte meinte også at det heller ikkje ville vere mogleg å ta vekk svarte pallar frå bedrifta utan at det blei oppdaga.

Tøff tid

Mannen byrja å jobbe for Scanprod i 2007, men blei sagt opp frå stillinga si i 2015 etter å ha tatt fisk frå bedrifta. Mannen meinte derimot at dette ikkje var tjuveri, men derimot vanleg praksis ved bedrifta.

Axel Villads Lange

Axel Lange er forsvararen til mannen som er tiltalt for å ha stole fisken frå bedrifta der han jobba.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det var vanleg at vi tilsette kunne ta med oss mindre mengder skadd matfisk heim. I ettertid meinte dei at dei ikkje hadde gitt løyve til dette, forklarte mannen.

Manne forklarte vidare at produksjonen av fisk hadde auka i løpet av dei åra han hadde jobba der, og meinte at den jobben han hadde gjort var ei av årsakene til dette. Han forklarte vidare at han har hatt det svært tøft etter at han mista jobben, og at han er sjokkert over det han no er skulda for.

– Eg har gått med bøygd hovud sidan dette skjedde og har mista både hus, jobb og familie, forklarte mannen.

Pengeoverføringar

Den tiltalte blei også spurt ut om dei store pengeoverføringane som hadde skjedd mellom han og den hovudtiltalte. Aktor la blant anna vekt på data- og telefontrafikk som viste at det hadde vore kontakt mellom dei to på dei dagane fisk hadde blitt levert til Brødrene Aarseth sitt produksjonsanlegg, og at den tiltalte hadde mottatt store pengeoverføringar i etterkant av nokre av desse leveransane.

Også denne mannen hevda at pengane frå den hovudtiltalte var pengar til tipping og gjeld. I nokre tilfelle skal den hovudtiltalte også ha overført pengar som han bad den tiltalte ta ut og gi til han.