Torsdag presenterer ho sitt kommunekart

Ei lang natts ferd mot nytt kommunekart går mot slutten med torsdagens pressekonferanse på Leikanger.

Det har gått vel ei veke sidan Indre Sunnfjord vart feira med kake. Frå 2020 skal Førde, Naustdal, Jølster og Gaular bli til ein storkommune. I tillegg har Volda og Hornindal gjeve kvarandre sitt ja.

Men spenninga er stor før fylkesmann Anne Karin Hamre presenterer si tilråding til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) om korleis kommunekartet her i fylket bør sjå ut. For sjølv om innbyggjarar har sagt nei, kan det bli fleire storkommunar i Sogn og Fjordane i framtida.

Slik som til dømes i Sogn, der NRK kjenner til at Hamre vil køyre over folkeviljen og gjere storkommune av Leikanger, Balestrand og Sogndal. Kanskje kan Eid og Gloppen i framtida få same namn og ordførar. Eller kva med Selje og Vågsøy i ytre Nordfjord, og Flora og Bremanger i Sunnfjord?

NRK sender direkte frå fylkesmannen sin presentasjon torsdag klokka 13.