Tre personar til legevakt etter frontkollisjon

Ulukka vart meldt inn til naudetatane like etter klokka 21.00. Ved Storegjel, like aust for Måbøtunnelen på riksveg 7, frontkolliderte to bilar.

– Ambulansen er framme på staden og har starta behandling. Ein person har vondt i kneet, medan ein anna er svimmel. Men det er førebels ikkje meldt om fastklemde eller alvorlege skader, sa operasjonsleiar Bjarte Rebnord i politiet til NRK i 21.30.

Tre personar var involvert i ulukka. Alle er no sendt til ein sjekk hjå lokal legevakt. Det skal ikkje vera snakk om alvorlege skader.

Det var i ein periode redusert framkomst forbi ulukkesstaden, men etter opprydning og bilbergin er det no opna for fri ferdsel igjen.