Trening og mat har større effekt for overvektige

For Robert Santistevan har treningsvideoar på YouTube blitt ein fast del av kvardagen. Amerikanaren som bur i Sunnfjord var nærare 130 kilo på det meste, før han fekk ein slankeoperasjon.

– I dei største buksene mine kan eg no få begge beina nedi eitt buksebein, seier han.

Men det er treninga han la ned etter operasjonen, som gjer at han i dag lever eit sunnare liv.

Professor Olav Martin Kvalheim

PROFESSOR: Olav Martin Kvalheim har forska på fettverdiane i blodet til sjukeleg overvektige.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Større effekt enn venta

Professor Olav Martin Kvalheim har i fleire år følgd pasientar med sjukeleg overvekt. Ei ny studie viser kor raskt trening og kosthald virkar på denne gruppa.

– Då dei byrja på denne livsstilsbehandlinga hadde dei fettverdiar i blodet som låg 45 prosent over det ein finn hjå normalvektige og overvektige.

Forskaren trudde at prosjektet måtte halde på lenge før han kunne sjå noko betring.

– Men alt etter tre veker med betra ernæring og mykje fysisk aktivitet, var fettverdiane nesten normalisert. Dei låg om lag ti prosent over normalen på det tidspunktet. Så eg vart veldig overraska over at det gjekk så fort. Det var veldig gledeleg, seier Kvalheim.

– Livet er lettare

Sjølve prosjektet vart utført på ei gruppe med overvektige kvinner. Men effekten er like god hjå menn, ifølge forskaren. Ved at fettmengda i blodet blir senka, minkar òg risikoen for hjartesjokdomar og diabetes.

Robert Santistevan ser ikkje føre seg at han nokon gong kjem til å slutte å trene igjen. livet i dag er for bra til det

– Eg er lettare på deina no, og eg klarer å gjere alt på jobben. Livet er lettare når kroppen er lettare.