Troms Kraft dropper millionprosjekt i Ullsfjord

I fjor gav Olje- og energidepartementet konsesjon for utbygging av Stordal kraftverk i Ullsfjord, som skulle kunne gje straum til nærmare 7000 hus.

NVE sa i si vurdering at skadane og ulempene for allmenne og private interesser var større enn fordelane og nytta ved kraftproduksjonen som kunne oppnåast i Ullsfjorden.

Likevel gav Olje- og energidepartementet grønt lys til utbygginga, og sa ja til at Troms Kraft skulle få bygge ut i Stordal.

No er det klart at den svært kostbare utbygginga ikkje blir noko av.

– Ei utbygging til 300 millionar kroner er ikkje aktuelt på grunn av den låge straumprisen og den økonomiske situasjonen vi er i, seier Harry Løvberg i Troms Kraft Produksjon til NRK.

Årsaka er enkel:

– Det er ikkje kostnadsmessig lønnsamt å bygge ut kraftverket, seier Løvberg.

Dermed vil Troms Kraft Produksjon skrinleggje planane om å bygge ut ved Stordal i Ullsfjorden. Konsesjonen som er gitt gjeld for fem år, og om det blir aktuelt å byggje kraftverket etter denne femårsperioden, må det søkast om ny konsesjon.

Naturvernforbundet: Godt nytt

Skrinlegginga av prosjektet er gode nyheiter for Silje Ask Lundberg, fungerande leiar i Naturvernforbundet.

– Det er ein stor siger for Troms-naturen og for Norge som nasjon at vi kan halde på nokre av dei viktigaste vassdraga våre og ta vare på dei, seier Lundberg til NRK.

Silje Lundberg

Foto: Kristian Skjellum Aas / Pressefoto

Ho peiker på den spesielle naturen i området kor kraftverket var planlagd, som er eit kystalpint fjordlandskap som består av ein stor fjellheim med isbrear og mange vatn.

– NVE gjekk mot dette kraftverket, nettopp av omsyn til naturen, heilt fram til Tord Lien kom og overkøyrde det og sa «her skal det byggast». Derfor er vi veldig glade no for at økonomien viser at dette ikkje går, sånn at vi kan ta vare på naturen slik han er i dag, seier Lundberg.

Da olje- og energiminister Tord Lien i fjor gav konsesjon til Troms Kraft Produksjon, la han vekt på at utbygginga ville gje meir fornybar og regulerbar kraft i Troms.

– Regulerbar vasskraft gir moglegheita til å styre kraftproduksjonen på ein måte som gir betre forsyningstryggleik året rundt. Slik bidrar desse prosjekta både til regjeringa sitt mål om meir fornybar kraftproduksjon, og målet om betre forsyningstryggleik, sa Lien i juni i fjor.