Trur dei hadde vunne kampen likevel

I løpet av ti intense minutt i andre omgang vart kampen mellom Lillestrøm og Sogndal avgjort. Det starta med eit smell, då Lillestrøm sin høgreiste kaptein, Frode Kippe vart utvist i det 63. speleminuttet.

Dommaren brukte lang tid på å bestemme seg for kven han skulle vise ut, og etter kampen var det full krangel om det var Kippe eller Marius Amundsen som hadde rive ned Sogndal sin Martin Ramsland.

Heller ikkje Eirik Bakke kunne unngå å legge merke til den oppheita diskusjonen på bana.

– Den situasjonen er vanskeleg. Eg trur det var Amundsen, men heldigvis for oss var det Kippe. Då slapp vi han store i boksen mot slutten, seier Bakke.

– Eg trur kanskje vi hadde vunne kampen uansett, sjølv om dei skåra eit fantastisk mål og kom seg inn att i kampen.

Møtte lag som var desperate etter poeng

Medan Lillestrøm i dag måtte ha poeng for å kome seg vekk frå nedrykksstriden, spelte Sogndal for poeng nok til å sikre seg ein plass i eliteserien.

Første del av kampen på Åråsen var ikkje av det mest spenstige slaget, men det raude kortet i andre omgang sett bokstavleg talt fyr på oppgjeret.

– Det var ein stillingskrig, som vi venta. Det var mykje ballar i lufta, lite finspel. Vi kom her for å ta tre poeng, og dei var desperate etter tre poeng. Det syns eg kampen bar preg av, seier Bakke.

Eliteserien fotball 2016: Lillestrøm - Sogndal (1-2).

I HARDT VÊR: Dommarveteran Svein Erik Edvartsen måtte forklare seg i spelartunnelen etter kampen. – Eg gir dei så mange sjansar til å seie frå om dei meinte Amundsen gjorde feilen, men at det er straffe og raudt kort er det ingen tvil om, seier han til NRK.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Held fast på si oppskrift

Etter ein sterk vårsesong har det lugga litt for Sogndal i haust. Men sist helg såg det ut til at ein snuoperasjon var på gang, då banka laget frå saftbygda Sarpsborg 3–0.

Med 2–1 mot Lillestrøm reiser dei tilbake over fjella med tre nye poeng.

– Vi spelar på ein måte vi, 4-4-2, der vi prøvar å presse på.

Vi har ein del spelarar frå Obos-ligaen som er svoltne og ein del internasjonale spelarar som står fram i dag. Det er eit veldig kollektiv som har trua på kva vi driv med, seier Sogndal-trenaren.