Trur regjeringa vil følgja råda hennar

– Eg reknar jo med at dei vurderer desse tre råda nøye, seier Magnhild Meltveit Kleppa.

Ho siktar til tilrådingane ho la fram tysdag, om samanslåing av Stavanger, Rennesøy og Finnøy, av Eigersund og Sokndal og av Finnøy og Strand.

Det meiner ho sjølv om ho med vitande og vilje går på tvers av folkemeininga i fleire av kommunane.

– Det er nok litt påfallande at me i to av dei tre råda avvik frå dei lokale kommunestyrevedtaka – både i Sokndal og i Forsand og Sandnes.

Gode argument?

Men ho meiner ho har gode argument.

Pål Morten Borgli

Varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli (Frp), kjenner seg overkøyrd.

Foto: ODD RUNE KYLLINGSTAD / NRK

– Alle skjønar at det blir eit anna kommunikasjonsmønster mellom Forsand og Sandnes, og at Strand og Forsand må utvikla Preikestol-området i lag i framtida, er jo heilt openbert.

Akkurat det er ikkje så klart for andre. Ein av dei er Pål Morten Borgli, varaordførar i Sandnes, der dei har laga ein avtale om samanslåing med Forsand.

– Det har vore ein lang prosess med god jobbing. Avtalen er forankra i kommunestyra og hjå innbyggjarane, og så vel ho å sjå vekk frå det. Den øvinga skjønar eg ikkje.

Vil ha handling

Ole Tom Guse

Ole Tom Guse (KrF) er blant dei i Forsand som vil satsa på Strand.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ole Tom Guse er derimot nøgd. Han er gruppeleiar for KrF i Forsand, og kom i mindretal då kommunestyret med ni mot åtte røyster gjekk inn for samanslåing med Sandnes og ikkje Strand. Også folket i kommunen er delt om lag på midten. Nå vil han ha handling.

– Eg håper me kan ha eit klokt hovud og eit varmt hjarte når me skal jobba framover, og bruka dei neste åtte månadene til å skapa gode alliansar med Strand om å laga ein ny kommune. At me ikkje sit og ventar på kva som skjer i Stortinget.

Irene Heng Lauvsnes

Ordførar i Strand Irene Heng Lauvsnes (H) er klar for fornuftsekteskap med Forsand.

Foto: Magnus Stokka

Det same gjer Irene Heng Lauvsnes, Høgre-ordførar i Strand.

– Vanlegvis er eg ikkje for verken arrangerte ekteskap eller fornuftsekteskap, men akkurat i dag tenker eg at det er greitt.

Stortinget avgjer

Når regjeringa kjem med si tilråding, er det opp til Stortinget å fatta endeleg avgjerd.

Ole Tom Guse trur dei vil høyra på fylkesmannen sine råd.

– Når fylkesmannen torer å gå imot eit knapt kommunestyrefleirtal og folkeviljen i Forsand, trur eg Stortinget vil sjå nøye på det og koma til same konklusjon, seier han.

Det er ikkje Geir Pollestad, stortingsrepresentant for Senterpartiet, sikker på.

– Fylkesmannen si tilråding tyder jo at Sanner sin draum om store kommunar i Rogaland har havarert. Så er det uforståeleg kvifor ein har behov for å gå imot folkeviljen i Forsand og Sokndal, men den fighten får me ta på Stortinget.