– Ungdom med fullstendig banale plager oppsøker lege

Verken Sofie Berget (17) eller Kristian Nesse (18) ved Stavanger Katedralskule er nøgde med fråværssystemet som blei innført i den vidaregåande skulen i haust.

Morten Munkvik

Morten Munkvik er kommuneoverlege for barn og unge i Stavanger. Han meiner at dei nye reglane i den vidaregåande skulen bør endrast.

Foto: Magnus Stokka

– Eg måtte få legeerklæring på at eg var forkjøla. Eg ser jo at det tek mykje av legane si tid. Tid som dei kunne brukt på noko meir viktig enn å sei at eg må vera vekke ein dag eller to frå skulen, seier Berget.

Dei nye reglane seier nemleg at ein ikkje får karakter i eit fag dersom ein har meir enn ti prosent udokumentert fråvær i faget. Ein må altså ha legeærklæring der ein tidlegare kunne bruka eigenmelding (sjå faktaboks).

– Dei kjem med fullstendig banale ting

Kommuneoverlege for barn og unge i Stavanger, Morten Munkvik, har opplevd eit renn av nye pasientar etter ordninga starta opp.

– Dei kjem med snue, ein forstua fot som ikkje er forstua lenger og andre fullstendig banale plager. Me skaper ein legesøkingsatferd hos friske ungdommar, som me over hovudet ikkje er tent med, seier Munkvik.

Han er uroleg for kva konsekvensane blir.

Magnus Thue

Statssekretær Magnus Thue (H) meiner at systemet må køyrast inn og at legar og elevar då vil innsjå at ein ikkje treng å oppsøka lege for kvar minste ting for å få dokumentert fråvær.

Foto: Nadir Alam / NRK

– Eg frykter at dei friske ungdommane pressar vekk folk som faktisk treng legehjelp, og at dette på sikt fører til meir sjuke i samfunnet. Det er likevel viktig å presisera at dette ikkje er ungdommane sin feil, men det nye systemet, seier han.

– Vil gå seg til

Dette er dei ikkje samde i hos Kunnskapsdepartementet.

– Slik regelverket er lagt opp så skal det ikkje vera nødvendig å gå til lege dersom ein berre skal vera vekke ein dag eller to, seier statssekretær Magnus Thue (H).

Han meiner at elevane kan unngå legebesøk dersom dei berre held styr på kor mange prosent fråvær dei har i dei enkelte faga, og at det nye systemet vil gå seg til.

Vil ha endring i reglane

Leiar for Allmennlegeforeninga, Kari Sollien, er heilt klar på kva som bør skje.

– Reglane må endrast. Det er det ikkje tvil om. Alle ser at me ikkje kan ha det slik, seier ho til NRK.

Dei ønsker seg eit system der elevane sjølv kan melda at dei har vore sjuke dersom dei er over 18 år, og at føresette melder frå om sjukdom for dei som er under 18 år. Det vil lite truleg skje ifølgje Kunnskapsdepartementet.

– Me føl nøye med på situasjonen men har ingen planar om å endra systemet. Som sagt så trur me at dette vil gå seg til om eit par månader, seier Thua.