Utforkøyring i Skånland – seks personar sendt til legevakt

Politiet i Midtre Hålogaland fekk melding om utforkøyringa klokka 00.20 natt til søndag. Meldinga kom frå AMK og gjekk ut på at fem personar i ein personbil hadde køyrt utfor vegen like ved Brattbergan i Skånland.

Det fortel operasjonsleiar Jan Erik Solheim.

Da naudetatane kom til staden, viste det seg å vere seks personar som var involvert i utforkøyringa og blei sendt til legevakt for sjekk.

– Alle var oppegåande da vi kom til staden, men dei blei tatt med i ambulanse til sjukehus for ein sjekk, seier Solheim.

Det er ikkje mistanke om promillekøyring. Politiet har oppretta sak, og ønsker mellom anna å få svar på om dei var seks personar i bilen som køyrde utfor vegen.