Vart alvorleg sjuk av hoggormbitt

I godstolen på Stette på Sunnmøre sit Wenche Tennøy Leite og ser utover fjorden. Sjukepleiaren skulle ha vore på jobb, men har i staden endt som pasient sjølv. Det var då ho skulle kaste hageavfall i eit buskas bak huset at ho vart biten.

– Eg trudde først at det var ei grein som stakk meg, men då eg tok vekk greina såg eg ormen. Eg vart livredd og hylte som ein gal, seier Leite.

Wenche Tennøy Leite

Wenche Tennøy Leite kasta hageavfall i buskaset i bakgrunnen, då ho vart biten av ein orm.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Aldri sett så kraftig reaksjon

Ormen, som var om lag 40 centimeter og hadde sikksakk-mønster, bukta seg og forsvann inn i buskene. Mannen til Wenche, Trond Leite, kom springande fordi han høyrde hylet.

– Bittet stakk og foten svei, så vi reiste til legevakta, fortel Wenche Leite.

Allereie på venterommet starta ho å føle seg dårleg. Foten hadde byrja å bli blå og ho hadde magesmerter. Legevakta har ikkje motgift mot hoggormbitt, så sunmørskvinna vart innlagt på sjukehus.

Etter kvart som dagane gjekk spredde blåfargen og hevelsen seg frå leggen heilt opp til hofta. Ho vart sengeliggande i ei heil veke på sjukehuset og det gjekk endå ei veke før ho fekk reise heim.

– Legane hadde aldri sett ein så kraftig reaksjon før, seier Leite.

Sjeldan å bli så sjuk

Mari Tosterud

Mari Tosterud ved Giftinformasjonen seier det er viktig å ta kontakt med helsepersonell dersom ein får hoggormbitt.

Foto: privat