Ventar fulle tribunar på laurdag

Ingen kampar dreg tilskodarar som når bergenslaget Brann kjem til bygda. Billettsalet går så det susar, og du må vere kjapp om du ynskjer deg sitteplass under vestlandsoppgjeret laurdag.

– Begge langsidene er utselde. På kortsida har vi eit par sitteplassar att, og ein del ståplassar, fortel Hilde Østbø i Sogndal Fotball.

Også mellom 5–700 bergensarar er venta å ta turen til Sogndal på laurdag. Østbø kryssar fingrane for at poenga blir att her i bygda.

– Eg håpar at vi tek tre poeng, det er jo viktig for oss. Men uansett håpar eg det blir god stemning på Fosshaugane.

Trur på Sogndal, heiar på Brann

Tribunane stod heller ikkje tomme under fotballaget si trening i dag. Nokre skodelystne hadde teke i bruk dei svarte klappsetene på tribunen.

– Det e no litt slapt med fotballtennis. men det får gå. Det er viktig å ta det litt roleg før kamp, kommenterer gutane.

Dei er sjølve fotballspelarar og elevar ved idrettslinja. I dag tok dei med matpakken med ut for å sjå på korleis det ligg an med spelarane før laurdagens kamp.

William Bjelland

FOTBALLSPELAR: William Bjelland og kameratane brukar matpausen til å følge med på Sogndal si trening. Han har trua på Sogndal i helga, men som Brann-tilhengar kryssar han fingrane for bergensarane også.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Eg trur det blir ein tøff kamp. Brann har hatt ein god sesong. Men eg trur Sogndal vinn, seier William Bjelland.

Han meiner det er viktig både for laget og bygda at dei får tre poeng.

– Vinn dei denne så kan dei vinne alle kampar. For bygda har det alt å seie, Brann er den største motstandaren vi møter, meiner Bjelland.

Sjølv om han har trua på Sogndal, stiller idrettseleven i raudt på kamp på laurdag.

– Eg har fått frå faren min at det er Brann som er laget. Han får ta på seg skulda for det, flirer han.

Fosshaugane

FULLE TRIBUNAR: Eirik Bakke og Sogndal kan vere sikra eliteseriespel til neste år om dei tek tre poeng mot Brann laurdag.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Tek imot gamlelaget

Ein vi kan vere sikre på stiller i svart og kvitt på laurdag, er Eirik Birkelund.

Midtstopparen frå Bergen kom til Sogndal i vår, og fortel han seier han gler seg til å ta imot gamleklubben på Fosshaugane.

– Det er alltid spesielt å møte eit lag ein har spelt lenge for. Det er litt ekstra. Det er

Eirik Birkelund

BERGENSTALENT: Eirik Birkelund har gjort det bra i Sogndal etter overgangen hit i vår. I helga tek han imot gamleklubben på Fosshaugane.

Foto: NRK

jo ein vanleg fotballkamp, førebur meg like godt til den som alle andre. Men at det er brann legg ingen dempar på motivasjonen, seier Birkelund.

Det er ekstra stas å møte gamlelaget for fulle tribunar på Fosshaugane, fortel han.

– Det blir ein veldig gøy kamp, det blir fullt hus. Det er stort arrangement kring kampen her i bygda, seier Birkelund.