Vil ha 24-åring på Stortinget

– Eg blir jo veldig audmjuk av å sjå meg sjølv på førsteplassen. Det er veldig rart å sjå kor mange gode og erfarne politikarar som er plasserte under meg, seier Storehaug.

Storehaug kjem opphavleg frå Flokeneset i Askvoll, men har budd i Oslo dei siste åra. No vil han likevel representere heimfylket på Stortinget. Får han lov til det, blir han kanskje den yngste av dei 169 representantane.

Tore Storehaug på talarstolen

TRUR PÅ DET SMÅ: Storehaug har trua på små einingar, og ønskjer å kjempe for distrikta om han blir førstekandidaten til KrF

Foto: privat

Trur vi treng unge folk

– Eg veit at eg er ung, men eg har faktisk drive på med politikk ei stund allereie. Dessutan trur eg vi treng folk i ulike aldrar på Stortinget, vi unge har ofte eit anna perspektiv enn dei eldre.

– Men kva gjer deg kvalifisert til å skulle representere innbyggjarane i Sogn og Fjordane på Stortinget?

– Det er kanskje lettare for andre å vurdere, men eg har i alle fall eit sterkt engasjement. Eg trur vi treng røyter i samfunnet vårt som kjenner våre kulturelle og andelege verdiar, og som veit kor mykje eit menneske er verdt, seier Storehaug.

Ønskjer å kjempe for distrikta

Før valkampen er det uansett nominasjonsmøtet i KrF som skal velje den endelege lista. Det skal skje 30 november. Storehaug er klar på at om han blir førstekandidat til valet, ønskjer han å kjempe for distrikta.

– Eg vil vere den tydelege stemma i sentrum, som tek distrikta på alvor. Det tyder også at vi må vere opne for omstillingar. Ting kan ikkje alltid vere slik det har vore, men det er også viktig at vi tek vare på nokre av dei kvalitetane vi har i Sogn og Fjordane. Det er ikkje alltid slik at størst er best, seier Storehaug.

Storehaug lyt likevel kjempe i oppoverbakke før han kan setje beina sine på løvebakken. KrF har nemleg ikkje hatt stortingsrepresentantar frå fylket dei siste to periodane.