Villmannen på Skåla

Skålamannen

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Høgt over oss alle, på mange av Norges tak, lever ein mann eit arbeidsliv ingen andre har.

Skåla i Nordfjord.

Ein fjellrygg knapt 50 meter brei i enden av Norges lengste motbakke. Kjent for tårnet sitt. Kjent av turgåarar. Nesten 2000 meter over havet.

Lidenskapeleg vakker i penvær. Livsfarleg i tåke, vind og snø. Eit feilsteg kan vere nok. På begge sider venter lange stup mot endeliktet.

Her står snikkar Bjørn Vike med beina godt planta i steinrøysa og myser gjennom skodda. Den vekslar mellom tett og fjærlett. Flaka dansar som kvite skrømt over grågrøne steinar.

Skålamannen

STEMNING: Skumringstid ved det kjende Skålatårnet i Nordfjord.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Veit du, eg må ha hjelp av psykolog for å klare dette her.

Bjørn Vike (62) kan sjå ut som urmannen. Ein mann med tredagarsskjegg i stil med fargen på fjellrøysa. Ein kar vi lett kunne tru meistra forhold som dette og som attpåtil elska det. Vi hadde jo nettopp snakka om tøffe skiturar i Iran, fjellklatring med nomadar i Algerie og manndomsprøvar på Grønland.

– Jo, eg må vedgå eg at kjenner ei voldsom påkjenning reint psykisk rundt dette. Det er lite rom for feil. Mat, utstyr, materiale, folk. Alt må klaffe her oppe. Tenk om nokon skulle skade seg. Kutte ein finger. Byrje å blø. Dei vil ikkje få ei enkel redning.

Bjørn Vike

BYGGER: Ekstremsnikkaren Bjørn Vike.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Onsdagar på Voss. Psykologtimen er ei lette.

– Ikkje fordi at eg treng det meir enn andre, trur eg. Men det er nødvendig å få sortert og rydda oppe i hovudet. Få setje ord på det eg driv med. Psykologtimar er noko alle burde prøve.

Fjellhyttenes far

Fannaråken, Stølsdalen, Bjordalsbu. Turisthyttene du har høyrt om. Uansett om dei har blitt bygd nye eller om dei gått gjennom ei renovering, Bjørn Vike og medarbeidarane hans har gjort jobben.

Han er ein av få i Norge som tek på seg jobbar så høgt oppe i fjellheimen. Bygginga av den ubetjente DNT-hytta på Skåla er 31. gong han bygger ei turisthytte med moderne fasilitetar over skydekket.

Skålamannen

HYTTEBYGGAREN: I over tre tiår har Bjørn Vike bygd hytter. Fantastisk utsikt har vore ein del av arbeidsdagen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Det har teke 6000 arbeidstimar over tre månadar. 300 tonn utstyr er løfta opp med 330 helikopterløft. Fire til elleve mann har arbeidd om dagen og sove i telt om natta. I den verste sommaren i manns minne.

På Skåla var sommaren så kald at støypen ikkje ville herde.

Skålamannen

TOK SJANSEN: Tåka lettar for nokre augneblink og helikopterpiloten ser sitt snitt til å setje av eit hiv før det blir tett att.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi har kanskje hatt 10 fine dagar. Resten har bydd på snø og sludd og regn og vind. Slikt blir det fort ekstreme forhold av når vi har få eller ingen hjelpemiddel. Alt må gjerast for hand og du MÅ gjere alt sjølv. Vi kan ikkje bestille prefabrikert materiale eller ferdigblanda betong. Den dagen det eventelt skulle stå klart nede i dalbotnen så kan det være tåke eller vind her oppe slik at helikopteret ikkje kjem opp.

– Prosessen i forkant er difor veldig viktig. Dobbel- og trippelsikre. Det er for seint når du er komen opp. Og så er det ei utfording å bygge i ei røys. Stein overalt. Ingen flate. Kun stein og atter stein.

– Så timane på Voss er gode å ha.

Skålamannen

SOVE PÅ KANTEN: Etter arbeid om dagen ventar ei natt i telt på kanten av stupet. Dette ekspedisjonsteltet meint for turar til Mount Everest, rauk i storm på Skåla.

Foto: Vegard Vike / Privat

Måtte bygge etter innbrot

Året er 1891: Kommunelege Hans Henrik Gerhard Kloumann i Innvik får med seg bygdefolket og startar bygginga av eit steintårn på den høgste toppen i området. Året etter overtar Bergen og Hordaland Turlag, som utviklar tårnet til å bli ein dei mest populære turmåla i den norske fjellheimen.

Skålatårnet

GAMALT OG NYTT: Utsikta ned mot Skålahytta frå andre høgda i Skålatårnet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Året er 2016: Snikkaren Bjørn Vike har på tre månadar bygd ei turisthytte på same fjellryggen. Kloumann sitt tårn treng avlasting. Ny hytte betyr ny tid. Medan tårnet blir lyst opp av stearinlys har den nye hytta solcellepanel og downlights.

Men Bjørn Vike hadde ikkje planar om ein byggekarriere så høgt til fjells.

Ikkje før han gjorde eit innbrot. Gjennom ein utedo.

Saman med ein kompis var Bjørn Vike på veg til Store Skagadølstind. Men uvær tvang dei på retrett og på vegen måtte dei bryte seg inn i ei hytte. Lettaste vegen var gjennom staden der ingen tenkjer på å sikre seg mot innbrot.

– Det gjekk fint. Vi kom oss inn, smiler Bjørn.

Men hytta hadde ein oppsynsmann. Odd Eliassen, mannen som skulle bli den første nordmannen på Mount Everest, tok dei på fersken. Året var 1982.

Skålahytta

SLIK SER HO UT: Siste finpuss vert gjort på den nye turisthytta på Skåla.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Bygging på Skåla

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Elliassen sa ingenting. Eg trur ikkje han gadd høyre på forklaringa mi heller. I staden måtte eg love å vere med på å byggje Torehytta på Hardangervidda. Vi vart nære vener. Og sidan har eg halde på. No er det snart 35 år sidan, fortel Bjørn.

Men han nølar ikkje med å kåre Skåla til den meste ekstreme byggeplassen så langt.

– På grunn av det vanskelege tilgjenget. Og så er det farleg. Skåla er jo berre ei lita hylle og det er stupbratt på alle sider.

Skålahytta

SKODDE: Tåka er ein hyppig gjest under arbeidet nær 2000 meter over havet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Mista sonen

– Så kvifor driv du på?

– Eg trur eg har behov for å føle det litt ekstreme. Og at eg har ei indre drivkraft i å prøve å få til det umoglege. Viss eg lukkast, sit eg att med ei voldsom følelse av meistring.

– Men eg trur det er litt sjølvbedrag også. Ei jakt på å kunne rettferdiggjere ein del val i livet som ikkje var så fornuftig. Det er vel også noko av grunnen til at eg er inne i det tredje forholdet. Eg har seks born med tre kvinner. Det har blitt for mykje meg sjølv gjennom livet.

Skåla-mannen

SKÅLAMANNEN: Bjørn Vike med beina godt planta i steinrøysa. I sommar har han bygd ny turisthytte nedanfor Skålatårnet i Nordfjord.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

For to år sidan mista Bjørn sin eldste son Ståle i det han kallar eit rus- og psykiatrirelatert dødsfall.

– Det vart ein kraftig tankevekkjar for meg. At eg burde ha skjønt meir tidlegare. No prøver eg å gje ungane og kjæresten min mest mogleg av meg sjølv. Til dømes har dei vore her på Skåla i sommar. Tuva (8) dekorerte eine doen. Og eg reiser ikkje ut av Norge utan familien lengre.

Skåla

SNØ: På vinterstid snør døra til tårnet ned. Testing med semulgryn skal hindre at det skjer med hytta.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Semulegryn som snø

Den nye hytta er teikna gratis av sivilarkitekt Eilif Bjørge som ei gåve til Bergen og Hordaland Turlag. Men den hadde aldri blitt noko av utan ein god dose med semulegryn.

Altså det vi lager graut av. Sivilarkitekten forklarer:

– Eit av dei store problema på Skåla er at folk ikkje finn døra til tårnet på vinterstid fordi den er nedsnødd. Det måtte vi unngå på nye-hytta. Så vi lagde ein modell, fann ei stor vifte og simulerte vinden slik den ofte blæs på Skåla.

– Så kasta vi semulegryn på vifta. Som snø. Det gjekk med halvannan kilo.

– Det blir spennande å sjå om metoden held stikk, smiler arkitekt Bjørge.

En annen Bjørge, Johnny Bjørge som er hytte- og rutesjef i Bergen og Hordaland Turlag, verkar i alle fall nøgd så langt.

– Det er utruleg kva Bjørn Vike og medarbeidane hans har fått til på denne fjelltoppen. Hytta er nesten betre enn kva som vart prosjektert, skryt han.

Skåla

SHERPAER: Dei to brødrene Mingma Tshering (fremst) og Mingma Nuru har vore viktig i arbeidet på Skåla.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Kvifor valde de å bygge nytt?

Johnny Bjørge

HYTTESJEF: Johnny Bjørge i Bergen og Hordaland Turlag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Skålatårnet toler ikkje å bli brukt vinterstid lenger. Murane sprekk etter langvarig fyring. Men vi ynskjer at folk skal halde fram med å besøke fjelltoppen så vi bygger nytt med moderne fasilitetar. Skålatårnet vil framleis vere open og fungere som ei sikringshytte, men vi ønsker at turistane overnattar i den nye hytta, seier Johnny Bjørge.

Lys og triveleg

Skåla-hytta innvendig

KØYSENGER: Det er 20 sengeplassar i den nye hytta.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Den nye hytta har to plan. Første etasje rommar eit stort opphaldsrom kombinert med kjøken, fire soverom, eigen avdeling med tørrdo og eit lager for proviant.

Andre høgda har ei open hemsløysing med sengeplasser. Totalt er det 20 sengeplassar i den nye hytta. Reknar vi med tårnet er det sengeplass til 41 turgåarar på Skåla no. Hytta er sjølvbetent, men i høgsesongen planlegg Bergen og Hordaland Turlag å tilsetje ein hyttevert som skal halde styr på turistane.

Skåla-hytta innvendig

INNVENDIG: I arbeid med opphaldsrommet og kjøkenet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Prisen på hytta er over 6 millioner kroner.

– Kva er spesielt med denne hytta?

– Utsikta og komforten du får kontra det å bu i Skålatårnet, seier Johnny Bjørge.

Skåla

UTSIKTA: Det visuelle utanfor vindauga på Skålehytta er eit måleri av Tidemand og Gude verdig.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Set denne hytta ny standard for overnatting så høgt oppe?

– Nei, når vi bygger nytt så bygger vi med god kvalitet uansett kvar det er. Det spesielle med Skålahytta er at den har eit design som egnar seg på fjelltoppen. Ho glir inn i landskapet, og skal ikkje snø att.

Lokka med sju kroner

Turen opp til Skåla kan vere tung. Den tek timar. Og når du er glad for å ha kome halvvegs, er det berre for å oppdage at det verste står att.

Kommunelege Kloumann fikk bygd ein sti for hest eit stykke på vegen den gongen. I vår tid har sherpaer frå Nepal bygd den vidare. Det er som ei trapp til fjells.

Nokre seier kommunelegen ville lokke turistar opp hit. Andre, men det er omstridt, meiner han ville sende tuberkolosepasientar med hest opp til den 1848 meter høge toppen.

Stien til Skåla

OPPOVER: Vegen til Skåla er som ei trapp til fjells.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

«Syv kroner for hest og mann èn vei» argumenterte Kloumann overfor dei lokale bøndene, og gav dei einerett på skyss mot at dei avsto fri grunn. I dag veit vi at knapt ein hest har vore på Skåla.

Kloumann døydde same haust som tårnet vart påbyrja. Det er ukjent kven som tok oppdraget vidare, men Bergen og Hordaland Turlag kom inn i bildet og hadde pengar nok på bok til både å kjøpe tårnet og til å gjere det ferdig.

Og i 125 år har hordar av turistar gått opp hit kor naturkreftene hamrar inn over den vesle fjellryggen utan særleg nåde for den oppheld seg her. 1700 berre i år. Snø i juli. Stiv kuling i august. Som regel tjukk tåke. Som i neste augneblink kan løyse seg opp i tunne skoddeflak som kastar seg over deg som eit slør, for så å forsvinne over kanten like brått som dei kom.

Drone/bakke-video av Skåla og nye hytta.

TEK PUSTEN FRÅ DEG: Klikk for å sjå Skåla frå lufta og hyttebygginga på bakken. Film: Odd Helge Brugrand. Drone: Anders Hereid/Screen Story AS. Redigering: Ahmad Dean.

Mektige naturopplevingar

Eller det fantastisk motsette: dagslyset som endrar seg sakte inntil sola synk bak Sunnmørsalpane og etterlet eit flammehav på himmelen. Med fjorden som ein blå kontrast i dalbotnen, og Jostedalsbreen som ein funklande, isblå safir i mellom.

– Det hender eg får ei tåre i augnekroken av slikt. Eg føler slik nærleik til naturen. Heime i Aurland kan eg sitje lenge attmed elva og sjå vannspegelen og lyset som alltid forandrar seg, fortel Bjørn.

Skåla

PÅ STUPET: Skuret der måltida blir inntekne.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Slik har det vore frå barnsbein av. Bjørn er fødd i Bergen. Men faren var jurist og flytta rundt til nye jobbar i Sogn og Fjordane, til bygder nær naturen. Så fort dei friluftsinteresserte foreldra hadde høve til det, tok dei guten sin med på tur. Det sit i han enno.

Mellom anna har det krystallisert seg i skiopplevingar over heile verda. Også det av den litt ekstreme slaget. Bjørn har gått på ski i Iran, Kirgistan, Georgia og Grønland. Han har klatra i Ahaggarfjella i Algerie, gått lange turar i India, Kashmir og Nepal.

Skåla

MATPAUSE: Eit primitivt trebygg på kanten av stupet fungerar som etesal. Bygget har av sherpane fått namnet «Kamba», som betyr skur. Omnen i midten sørger for varme og ein triveleg stemning under matøktene.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Plass i historia

Og eit godt hundreår etter Kloumann krev også han sin plass i historien om ein av Norges høgste toppar. Bjørn Vike har hatt opp til 11 personar i jobben, mellom anna tre lærlingar. Sonen Vegard har vore viktig.

Skåla

FERDIG: Noko av arbeidsgjengen samla: Flemming Dall, Mingma Tshering, Vegard Vike, Bjørn Vike, Joakim Namtvedt Nilsen, Johnny Bjørge og Mingma Nuru.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Skålahytta

NÆRT: Hytta på Skåla er bygd 25 meter nedanfor tårnet. Tårnet beheld den meste framtredne plassen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Det har også sherpane Mingma Tshering og Mingma Nuru, to brødre frå Nepal som har fulgt Bjørn i tjukt og tunt i 20 år.

– Eg tenkjer at vi har bygd denne hytta for folk flest. For vandrarar frå heile verda. Eit bygg som skal glede mange menneske i nye 100 år. Det gjer meg stolt, avsluttar Bjørn Vike.

Skålamannen

SOLNEDGANG: Etter at sola har stupt ned bak Sunnmørsalpane brenn himmelen lenge over Skåla.

Foto: Vegard Vike / Privat