Zucca klar for  World Cup-finale

3.43 ut i forlenginga spela Zucca fram Tomas Tatar som stod åleine framfor Sveriges målvakt Henrik Lundqvist. Slovaken skaut, keeper redda, returen gjekk i Tatars skøyte og i mål.

Dommarane diskuterte ei stund, så godkjende dei målet. Dei vurderte at Tatar ikkje aktivt brukte skøyta.

– Eg fekk ikkje tid nok til å vri meg tilbake. Ein ser pucken gli skate mot linja og håpar noko kjem og ryddar opp. Men det skjer ikkje, sa ein skuffa Lundqvist til svank TV3.

Dermed vann Europa 3-2, og er nokså overraskande klar for finalen mot Canada. Det betyr inntil tre finalekampar for Zucca og hans lagkameratar.

Sverige var klar favoritt, og Nicklas Bäckstöm gav Sverige leiinga 2.31 inn i andre periode, men Marian Gaborik utlikna etter 16.27.

Tomas Tatar scora etter berre 12 sekund i siste perioden, men 15.28 ut i perioden sette Erik Karlsson inn den svenske utlikninga.

Første finalekamp mot Canada går tysdag. Den andre går torsdag, og om det blir ein tredje kamp, går den laurdag.